<3
Min svigerfar
Min svigerfar var ein sterk og morosam kar
hadde alltid glimt i auga, var aldri tom for svar
Min svigerfar var varm og snill som dagen lang
vi visste aldri kortid han braut ut i sang
Min svigerfar var raus og god
ekte og tilstades frå då til no
Min svigerfar har heva sin siste kopp
det vart for mykje, livet sa stopp
Min svigerfar skal eg hugse for alt han har vore
i dag finnes det verkeleg ikkje ord som er for store
Ein mann for idrett, både sykkel og ski
mange mil på setet og mange mil på god glid
Min svigerfar greip livet med båe never
var ikkje redd for både arbeid og strevet
Han var aktiv i dagane, sto sjeldan i ro
Alltid ein spøk, eg høyrde ofte han lo
Min svigerfar skal eg sakna resten av mi tid
alltid klar for å hjelpa, han ville alltid gi
Han har fått sleppa no, han har fått fred
livet han levde så stort, kan ikkje gjera han vondt meir
Så kvil i fred kjære svigerfar
vi skal møtast igjen i himmelens bar
Der skal vi skåla, og prata ein gong til
om sykkel og ski, og kanskje litt om bil
Geir
Adjø min pappa
fly langt av sted
bort langt fra sykdom og smerte
til du har funnet fred.